Heime Aleine av Linda Breidablik

Alt er liksom linjer, men kjennest som ein stabel, nei, som ein haug, ein haug av tid og ting, og kor i alle dagar skal eg gjere av det. Ein eg-person som ikkje likar å planlegge bur i eit hus som ho snart må flytte ut frå, og jobbar i ein jobb i byråkratiet som ho har tenkt å slutte i, i ein by som ho ikkje har vokst opp i. Enn så lenge går ho på jobb, går rundt i byen, handlar på Kiwi, ser ut på hagen, snakkar med sin gamle ven, legen Peter, og lar seg distrahere av det som ellers skulle dukke opp.